En nasjonalpark er et avgrenset naturområde som er vernet, men vernet er ikke like stengt som for naturreservater. For eksempel kan bruk av området til friluftsliv (jakt, fiske, gå tur) være en del av verneformålet for en nasjonalpark. Slik er det ikke for naturreservater.
Lover og regler for nasjonalparker
I nasjonalparkene våre må vi ta helt spesielle hensyn. I en nasjonalpark er naturen beskyttet av lover og regler for å hindre ødeleggelse av viktig natur i Norge. Hvorfor er det så viktig at vi følger lover og regler i nasjonalparkene? Og hva sier disse lovene?
-
-
Nasjonalparker skal sikre at kommende generasjoner får oppleve natur som ikke er påvirket for mye av oss mennesker.
-
Nasjonalparker finnes over hele Norge og er viktige hjem for arter som bor der, både fugler, dyr og planter. Nasjonalparker kan finnes i mange ulike typer natur, som hav, kyst, fjell, skog og myr!
Generelle bestemmelser for nasjonalparker
Det finnes noen generelle lover, eller bestemmelser, for alle nasjonalparker i Norge.
Det finnes i tillegg flere bestemmelser. Det kan være lurt å lese mer om lovene som gjelder i nasjonalparken du tenker å besøke på lovdata.no.
I listen under har vi laget en oversikt over alle bestemmelsene som angår fugler og ferdsel. Tekstene er hentet fra lovdata.no.
Landskap
- Landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna vegbygging, nydyrking, gjødsling, drenering og anna form for tørrlegging, parkering av campingvogner, brakker, o.l., bergverksdrift, massetak, vassdragsreguleringar, framføring av kraft- og telefonliner, taubaner, heiser og oppføring eller ombygging av bygningar. Det er heller ikkje tillate å utføre forundersøkingar for tekniske inngrep. Opplistinga er ikkje uttømmande.
Dyrelivet
- Dyrelivet og deira buplass, hi, reir og egg skal vere freda mot skade, øydelegging og unødig uro av alle slag, mellom anna fotografering og anna uro i yngletida. Nye dyrearter må ikkje innførast.
- Jakt i samsvar med viltlova er tillate.
- Hundar må ikkje sleppast laus i området. Unnateke er bruk av hund til jakt i lovleg jakttid, gjetarhundar for gjeting og sanking av beitedyr og godkjende hundar i samband med oppdrag i politi- og fjellsikringsteneste.
- Fiske er tillate i samsvar med lakse- og innlandsfiskelova. Utsetting av fisk og andre ferskvassorganismar er forbode. Forvaltningsstyresmakta kan likevel gje løyve til utsetting av fisk etter retningsliner fastsett i forvaltningsplanen.
Plantelivet
- Planter, også levande og daude tre og buskar, skal vere freda mot skade og øydelegging av alle slag som ikkje følgjer av vanleg ferdsle og jordbruk. Om ein ikkje tek med rota, kan ein plukke planter. Ein kan òg sanke sopp og bær. Nye planteartar må ikkje innførast.
- Reglane i pkt. 1 skal ikkje vere til hinder for å ta bjørk, vier, einer, gran og furu til bruk i området om dette ikkje fører til nemnande skade på dei lokale bestandane, for andre arter eller gjev endringar i landskapsbiletet. Tørre furuer og hole tre som kan tene som buplass for fuglar, må ikkje fellast.
Geologiske forekomster
- Det er forbode å bryte laus eller ta bort lausmateriale av stein, mineral eller fossil.
Motoferdsel
- Det er ei målsetting å halde motorferdsla i nasjonalparken på eit lågast mogleg nivå. Motorframkomstmiddel kan derfor berre nyttast når transporten er naudsynt. Ved avgjerda om noko er naudsynt må ulempene med motorferdsla haldast opp mot dei einskilde transportbehova. Forvaltningsstyresmakta skal sjå til at all transport om mogleg vert samordna med grunnlag i ein transportplan utarbeidd for den enkelte kommune/fylke
- All motorisert ferdsle skal rapporterast til forvaltningsstyresmakta etter retningsliner gjeve i forvaltningsplanen.
- Motorferdsle til lands og på vatn, landing med luftfarty og flyging under 300 meter er forbode unnateke i samband med militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern-, skjøtsels-, oppsyns- og forvaltningsoppgåver. Øvingskøyring til desse formåla er forbode, unnateke etter særskilt løyve.
Forurensning
- Det er ikkje tillate å forsøple naturen. Avfall skal brennast eller takast med ut av området. Ved dei faste overnattingskvartera er det tillate med forsvarleg nedgraving av materiale som rotnar.
- Det må ikkje nyttast kjemiske plantevernmiddel.
- Kalking er forbode på land og i vatn. Forvaltingsstyresmakta kan likevel etter søknad tillate kalking av vatn i nasjonalparken. Det skal gjennom forvaltningsplanen fastsetjast referanseområde som ikkje kan kalkast.